Home » Radioradio: Lyd i journalistikk by Linda Eide
Radioradio: Lyd i journalistikk Linda Eide

Radioradio: Lyd i journalistikk

Linda Eide

Published 2004
ISBN : 9788252161618
Paperback
248 pages
Enter the sum

 About the Book 

Den første breie innføringsboka i radiojournalistikk på norsk! Forfattarane tek for seg dei spesielle kommunikative eigenskapane til radiomediet, og viser korleis lyd blir brukt i ulike typar sjangrar og program.Lydmedium generelt og radiomediet spesielt har vore lite påakta i medieforskinga, men no kjem den første breie innføringsboka i radiojournalistikk på norsk. Radioradio er eit nybrottsarbeid om lydbruk i radio, skriven av Linda Eide og Lars Nyre.Forfattarane utforskar dei spesielle kommunikative eigenskapane til radiomediet, som skil seg frå både avismediet, fjernsyn og film. Radioen gir lyttarane kjensla å oppleve ein notidig, levande situasjon samtidig med andre lyttarar, og det blir journalisten si oppgåve å leggje lyden til rette slik at den riktige stemninga blir skapt. Denne boka viser korleis lyd blir brukt i ulike typar sjangrar og program og korleis lyden er del av bevisste retoriske strategiar. Ein CD med eksempel på norsk og internasjonal radiojournalistikk følgjer boka, og demonstrerer på ein pedagogisk måte emne som blir tatt opp i dei ulike kapitla.